Heimehjelp – praktisk bistand i heimen
Praktisk bistand er ei betalingsteneste for deg som på grunn av sjukdom, funksjonsnedsetjing, alder eller andre forhold ikkje klarer nødvendige praktiske oppgåver i heimen sjølv.
Målet er at du skal kunne bu heime så lenge som mogleg.
Kva kan du få hjelp til?
Kinn kommune kan etter ei individuell vurdering gi hjelp til
- nødvendig reinhald i heimen
- sengeskift
Tenesta omfattar ikkje hovudreingjering, vindaugsvask eller andre større reingjeringsoppgåver.
Du skal gjere dei oppgåvene du klarer sjølv. Kommunen vurderer også om hjelpemiddel eller velferdsteknologi kan gjere deg meir sjølvstendig.
Treng du nødvendig helsehjelp, til dømes hjelp med medisinar eller personleg hygiene, får du hjelp av heimesjukepleia.
Kven kan få praktisk bistand?
Du kan søkje dersom du har eit langvarig hjelpebehov på grunn av sjukdom, funksjonsnedsetjing, alder eller andre forhold, og ikkje klarer nødvendige reingjeringsoppgåver i heimen sjølv.
Kommunen gjer ei individuell vurdering av behovet ditt og den samla situasjonen i husstanden.
Slik søkjer du
Bruk søknadsskjemaet for omsorgstenester
Når kommunen har fått søknaden, vurderer vi behovet ditt. Ein sakshandsamar kan kontakte deg for ein samtale eller avtale heimebesøk dersom det er nødvendig.
Du får eit skriftleg vedtak som viser om du har fått tenesta og kva hjelpa omfattar.
Kva kostar det?
Du betaler eigenandel for praktisk bistand. Kor mykje du skal betale, blir rekna ut frå den samla inntekta i husstanden og dei gjeldande betalingssatsane i Kinn kommune.
Kan du klage?
Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen. Informasjon om klagefrist og korleis du går fram, står i vedtaket.