Kva kan du få hjelp til?
Kva hjelp du får, blir vurdert ut frå behova dine. Heimesjukepleia kan mellom anna hjelpe med
- personleg hygiene
- legemiddelhandtering
- tilrettelegging av måltid
- opptrening og opplæring
- rettleiing slik at du kan meistre daglege aktivitetar mest mogleg sjølv
- nødvendig helsehjelp i heimen
Du skal gjere dei oppgåvene du klarer sjølv. Vi vurderer også om hjelpemiddel eller velferdsteknologi kan gjere deg meir sjølvstendig.
Treng du hjelp til reingjering og andre praktiske oppgåver i heimen, kan du søkje om praktisk bistand.
Kven kan få heimesjukepleie?
Du kan søkje dersom du oppheld deg i Kinn kommune og har behov for nødvendig helsehjelp i heimen på grunn av sjukdom, funksjonsnedsetjing eller andre forhold.
Kommunen vurderer behovet ditt individuelt før du får vedtak om tenesta.
Slik søkjer du
Bruk søknadsskjemaet for omsorgstenester
Når kommunen har fått søknaden, vurderer vi behovet ditt. Ein sakshandsamar kan kontakte deg for ein samtale eller avtale heimebesøk dersom det er nødvendig.
Du får eit skriftleg vedtak som viser om du har fått tenesta og kva hjelp du eventuelt får.
Kva kostar det?
Heimesjukepleie er gratis.
Kan du klage?
Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan tre veker etter at du fekk vedtaket.
Kommunen vurderer saka på nytt. Dersom vedtaket ikkje blir endra, blir klagen sendt vidare til Statsforvaltaren.