-
12.09.2025
Styrking av leiarskapet i Kinn
Vi er no i gang med eit leiarutviklingsprogram i samarbeid med KS Konsulent. Programmet går over to år og omfattar åtte samlingar med deltakarar frå alle nivå: tenesteleiarar, kommunalsjefar, stabsleiarar, kommunedirektør, rådgjevarar med leiarstøttefunksjonar – og tillitsvalde. Satsinga er i stor grad finansiert av midlar frå opplærings- og utviklingsmidlar (OU) frå KS.
-
11.09.2025
Kinn kyrkjelege fellesråd og Kinn kommune har inngått avtale om tenesteyting
Fredag 5. september vart avtalen mellom kommunen og Kinn kyrkjelege fellesråd signert. Avtalen handlar om korleis dei to partane skal samarbeide med tanke på fordeling av ansvar og roller, for å sikre verdige tilhøve kring gravferd, kyrkjegardar og kulturminne.
-
11.09.2025
Temaplan for vatn, avlaup og overvatn 2026–2036 lagt ut til høyring
Plan- og miljøutvalet har den 9. september vedteke å legge ut temaplan for vatn, avlaup og overvatn 2026–2036 til offentleg høyring. Høyringsperioden er frå 11. september til 15. oktober 2025.