Vi møtte med dei nye operatørane på nye båtruter førre fredag

Førre fredag møtte Kinn kommune ved ordførar, administrasjon og kommunedirektør med Norled, Florø Skyssbåt og Skyss for å diskutere dei nye båtrutene i Florabassenget. På agendaen for møtet var mellom anna informasjon om dei nye kontraktane og svar på spørsmål frå grendelag og kommuneadministrasjonen.

Lokalbåtruter og Kystvegekspressen

Kontraktane som trår i kraft frå 1. mai inkluderer rutepakke 2 med lokale båtruter i Sogn og Fjordane, og eigen kontrakt for Kystvegekspressen. Rutepakke 2 består av rutene Måløy-Silda og Måløy-Gangsøy-Risøy. I tillegg til ei bilførande rute i Sognefjorden (Nordeide-Måren-Ortnevik-Vik), og ei bilferje mellom Kaupanger og Frønningen. Varigheita på denne pakken er frå 1. mai i år til 30. april 2036.

Kystvegekspressen har også oppstart 1. mai, og varar til 30. april 2025, med opsjon på inntil fire år forlenging.

Spørsmål frå grendelag og andre

I møtet vart det svart på fleire spørsmål frå grendelaga. Dei nye båtane tar 70 passasjerar, mot 81 passasjerar på dei eldre rutene. Innbyggarane undra seg mellom anna om moglegheit for ekstraruter i samband med jul og påske. I følgje Norled og Skyss skal oppdragsgjevar krevje at det skal gjennomførast ekstraturar dersom det er gjenståande passasjerar eller køyretøy.

Det kom også eit spørsmål om Dagning vil trafikkere i Veiesundet. Dei nye rutene i Florabassenget blir trafikkert av tre like båtar; MS Frey, MS Trym og MS Dagning. Den sistnemnde, MS Dagning, vert operert av Florø Skyssbåt på vegner av Norled. Veiesundet blir handtert av båtane MS Frey og MS Trym. Årsaka til at MS Dagning ikkje går denne ruta, er tidsmessige høve grunna båten sitt behov for lading og at den ikkje er modifisert med flaps.

I høve til verforhold skal den nye operatøren utføre rutene i samsvar med rutetabellane under alle normale og påreknelege vertilhøve. Det blei informert i møtet at det er kaptein som avgjer eventuelle kanselleringar, og Norled seier at grunna storleiken på fartøya kan ein rekne med oftare kanselleringar.

Næringsdrivande på Silda spurde om lastekapasitet på den nye båten som skal handtere ruta. MS Sea Service kan ta maks 1 tonn dekklast på 4 kvm. lastedekk, og krana løfter om lag 1 tonn. MS Sea Service skal gå ruta året rundt.

Nomil som handterer renovasjon på øyane kan få reservert fast plass på turane for renovasjonsbilen.

Oppsummering og meir informasjon

Med den nye avtalen vil det bli endringar i båtrutetilbodet i Florabassenget frå 1. mai. Norled vil stå for drifta av desse rutene, og Skyss vil sørge for oppdatert kundeinformasjon. Det vert lova dialog med grendelaga for å imøtekome spørsmål og behov.

Ordførar Bengt Solheim-Olsen seier det var eit konstruktivt og godt møte.  - Vi opplever at både Skyss og operatørane lytter til oss. Så er vi einige i å halde god kontakt og følge godt med når dei tre nye båtane er i rute frå 1.mai.

Du kan lese referat frå møtet, og sjå presentasjonen frå Nordled/Skyss i lenkene nedanfor. Det kom fleire spørsmål frå kommunen, grendelaga og næringsdrivande som ikkje er nemnd i denne artikkelen. Det får du svar på i desse vedlegga: