Korleis synst du det er å bu og leve i Kinn? Vi kjem til å spørje deg dei komande to vekeneLytt til tekstenStopp avspillingI løpet av 29. april til 7. mai (vekenr. 18 og 19), vil eit tilfeldig trekt utval av innbyggarane våre få ein SMS frå avsendaren «Kinn Komm.» med ein invitasjon til å delta i ei spørjeundersøking.Kva handlar undersøkinga om?Spørjeundersøkinga handlar om korleis du synst det er å bu og leve i Kinn kommune, kor nøgd du er med dei kommunale tenestene med meir. I SMS-en vil det vere ei lenke til å delta i undersøkinga digitalt, og vil sjå slik ut: «https://svar.sentio.no/answer?key=» med 12 tilfeldige teikn bak «=»-teiknet. Alle som vert invitert får ei personleg lenke til å delta, slik at vi veit at berre innbyggarar i Kinn kommune deltar i undersøkinga. Dette er kvifor lenka inneheld 12 tilfeldige teikn på slutten. Du kan trygt trykke på lenkaLenka er trygg å trykke på og sendast ut av Sentio Research på vegner av kommunen. Deltaking i undersøkinga er anonym og frivillig. Samleresultata til Kinn vil samanliknast med andre kommunar av lik storleik. Då kan vi samanlikne korleis innbyggarar i Kinn opplever kommunen samanlikna med inntrykket andre i like store kommunar har av sin eigen kommune.Sentio Research har gjennomført denne innbyggerundersøkinga i andre kommunar i Noreg sidan 2010 og er utvikla i samarbeid med Nord universitet.Vanlege spørsmål Kvifor vart ikkje eg invitert til å delta? Vi trekker ut eit tilfeldig utval frå innbyggarane som er folkeregistrert i Kinn kommune, for å få eit representativt utval. Det vil seie at vi skal helst ha ei jamn fordeling av folk av forskjellig alder og kjønn, der fordelinga mellom aldersgruppene er representativ, altså ganske lik, den vi har i Kinn kommune elles. Korleis fann du telefonnummeret mitt? Telefonnummeret ditt har blitt henta frå registerdata/nummeropplysning, kor dei med bustadadresse i Kinn kommune som er over 18 har vore mogleg å trekke for å delta. Kvifor vart eg invitert til å delta sjølv om eg har reservert meg mot telefonsal? Ein har ikkje same moglegheit til å reservere seg mot spørjeundersøkingar og meiningsmålingar som mot telefonsal, då denne spørjeundersøkinga og meiningsmålinga er av ålmenn interesse. Sjå Brønnøysundregisteret for meir informasjon om dette. Eg bur ikkje i Kinn kommune. Kan eg likevel delta? Målgruppa for deltakarar er personar som bur i Kinn kommune. Dersom du er folkeregistrert i Kinn, men likevel ikkje bur i kommunen, kan du sjå bort ifrå spørjeundersøkinga. Publisert av Henrik Ulriksen Publisert 26.04.2024 08.25 Sist endra 26.04.2024 08.30