Årsmelding for 2023

Økonomiske resultat i 2023 vart betre enn venta, og folketalsutviklinga var meir positiv enn lagt til grunn. Mange viktige saker vart handsama i 2023 av kommunestyre.

Årsmelding for 2023

Bruk av fond for å dekke underskott i drifta

Kinn kommune kom ut med eit negativt netto driftsresultat på -29 millionar kroner i 2023. Resultatet utgjer -1,5% av driftsinntektene. Etter utgangen av 2024 sit vi att med 47 millionar kroner i disposisjonsfond. Vi frykta etter første halvår i 2023 eit større negativt resultat, men på grunn av innstrammingar andre halvår og større inntekter vart resultatet betre.

Framleis stort behov for omstilling

Kinn kommune har framleis behov for å omstille drifta for å dekke renter og avdrag på låneopptak til eldreomsorg, skule og infrastruktur. Dei største prosjekta er Skram skole og ny institusjon. I 2023 brukte vi oppsparte midlar for å dekke drifta. Vi budsjetter med at lånegjelda kjem til å auke netto med ca. 1 mrd. frå inngangen til 2022 til utgangen av 2027. Auka rente- og avdragskostnader på kring 100 mill. kroner skal i stor grad dekkast med driftsreduksjonar. Brutto lånegjeld var ved utgangen av 2023 på 3,130 mrd.

God folketalsutvikling, men færre arbeidsplassar og fleire som pendlar ut av kommunen

Folketalet i Kinn var 17 349 innbyggarar 31.12.2023. Dette er ein vekst på 170 personar frå 2022. Auke i folketalet er i hovudsak på grunn av utanlandsk tilflytting. Tilflytting gjer at vi får fleire vaksne og fleire barn i skulen enn vi såg føre oss året før. Årsmeldinga viser også at arbeidsplassutvikling er svak, trass høg aktivitet i næringslivet. Fleire pendlar ut av kommunen enn året før. Vi arbeider godt med integrering og mange som kjem hit frå utlandet finn seg arbeid. Likevel representerer slike tilflyttingar potensiell risiko for utflytting. Flyktningar frå Ukraina har mellombels opphald (kollektiv beskyttelse) gitt av myndigheitene.

Fleire viktige og store saker vart avgjort i 2023 – Viser korleis vi kan bli «Attraktiv kommune i omstilling»

I 2023 har vi handsama planprogram for kommuneplanen sin samfunnsdel for 2024-2036, og kommuneplanen sin arealdel er lagt fram til 1. gangs handsaming. Det er etablert ny leiing- og styringsstruktur, ny brann-ordning er på plass, ny ressursfordelingsmodell i skule- og barnehagesektoren er utvikla. Tildelingsprinsipp for tenester innan helse og velferd er utarbeidd og vart vedteke i starten av 2024. Skulebruksplanen er under utarbeiding. Avgjerd i sakene er ledd i arbeidet med å gjere kommunen attraktiv gjennom omstilling og tilpasse tenester til framtidig behov. Planane og sakene viser kva tenester vi kan yte, planreserve for næring- og bustadbygging, tiltak for klima- og miljøtilpassing og handlingar for å møte den demografiske utvikling med fleire eldre.

Årsmelding viser status, tenesteutvikling og økonomiske resultat for tenesteområda

Årsmeldinga er lagt opp slik at du kan lese om status for tenestene, viktige hendingar i året som gjekk og økonomiske resultat for tenesteområda enkeltvis og samla. Du kan klikke for kvart av tenesteområda for oversikt.