Arbeidstilsynet rustar skulesektoren til å førebygge vald og truslar mot tilsette

Dei siste åra har det vore auka merksemd i media kring vald og truslar mot tilsette i skulesektoren. Tal frå forsking syner at det frå 2007 til 2020 har vore ein merkbar auking av slike saker i skulen. 

I dei 20 største kommunane i Norge kom det i fjor inn 26 000 meldingar om vald og truslar. Det er ei auke på 30 prosent frå året før. I Kinn kommune kom det inn 156 meldingar om vald mot tilsette i 2023. 

Onsdag 10. april var Arbeidstilsynet på rettleiingsbesøk for å styrke skuleleiarane, plasstillitsvalde og verneomboda i arbeidet dei gjer for å førebygge og handtere vald og truslar ovanfor tilsette i skulen.  

Målet med arbeidet er at dei tilsette skal kjenne til regelverket knytt til førebygging av vald og truslar, vite korleis skulane skal kartlegge, risikovurdere og sette inn tiltak i høve vald og truslar på arbeidsplassen.  

Bedriftshelsetenesta er ein god støttespelar i arbeidet og om lag 400 tilsette i Kinn skulen har fått opplæring knytt til det førebyggande arbeidet.