Du kan komme med innspel i to fasar av planarbeidet:
- når planarbeidet startar og det blir varsla om oppstart
- når planforslaget blir lagt ut til offentleg ettersyn
I begge fasane får naboar, grunneigarar og aktuelle offentlege styresmakter varsel direkte. Planarbeidet blir også kunngjort i lokalavisa og på nettsida vår.
Det er i desse fasane du har best høve til å påverke innhaldet i planen. Innspel kan til dømes gjelde byggjehøgder, byggjegrenser, trafikktryggleik, tilkomst og bruk av området.
Når planen først er vedteken, er mange av desse spørsmåla allereie avklarte. Vi oppmodar derfor til å komme med innspel medan planen er under arbeid.
Du kan også klage på sjølve reguleringsvedtaket.
Design og arkitektur Norge (DOGA) har laga ein film som forklarer den kommunale planprosessen på ein enkel måte, sett gjennom barna sine auge.. Gjennom ti steg forklarar dei prosessen på ein lettfattleg og forenkla måte.
Varsel om oppstart
Når nokon skal lage ein reguleringsplan, må dei varsle naboar og andre som blir påverka av planarbeidet.
I denne fasen sender du innspelet ditt direkte til den fagkunnige plankonsulenten. Fristen for å komme med innspel er vanlegvis fire veker.
Offentleg ettersyn
Når kommunen har fått planforslaget og det er behandla politisk første gong, blir det lagt ut til offentleg ettersyn.
Planforslaget inneheld då mellom anna kart, føresegner, planskildring og aktuelle utgreiingar. Du sender merknaden din til kommunen.
Forslagsstillaren og kommunen vurderer merknadene som kjem inn og korleis dei skal følgjast opp. Planforslaget blir deretter eventuelt endra før det går vidare til politisk behandling og endeleg vedtak i kommunestyret.
Dei som har sendt inn merknader, får informasjon om vedtaket.
Klage
Dersom du er part i saka eller har rettsleg klageinteresse, kan du klage på kommunestyret sitt vedtak.