Matrikkelen og EigedomsregisteretMatrikkelen er det offisielle registeret over norske eigedomar. Her er det registrert opplysningar om mellom anna eigedomar, eigedomsgrenser, bygningar og adresser.I Kartverket si teneste Eigedomsregisteret kan du sjå opplysningar om eigedomen din. Som eigar eller festar av bustad eller fritidsbustad kan du også registrere enkelte opplysningar sjølv.Sjekk opplysningane om eigedomen dinLogg inn i Eigedomsregisteret med ID-porten for å sjå kva som er registrert om eigedomen din.Der kan du også registrere eller oppdatere enkelte opplysningar ombyggeårvatnavløpenergioppvarmingbruksarealEigenregistrering er frivillig.Opplysningane du registrerer sjølv, erstattar ikkje opplysningane kommunen har registrert. Dei blir viste saman med dei offentlege eigedomsopplysningane.Har du funne feil eller manglar?Dersom du meiner at dei offentleg registrerte opplysningane om eigedomen din er feil eller mangelfulle, må du kontakte Kinn kommune.Det kan til dømes gjelde feil i opplysningar omeigedomsgrenserbygningaradresserandre registrerte eigedomsopplysningarBruk skjemaet Meld feil eller manglar i matrikkelen for å melde frå til oss.Treng du hjelp med Eigedomsregisteret?Har du spørsmål om innlogging eller korleis du registrerer opplysningar sjølv i Eigedomsregisteret, finn du rettleiing hos Kartverket.