Gate-/vegnamn og adresser

Kommunen har ansvar for å tildele offisielle adresser.

Ei adresse består av eit adressenamn eller vegnamn og eit nummer som viser til ei adresseeining i kommunen. Ei adresseeining kan vere eit område, ein eigedom, ein bygning eller ein del av ein bygning.

Offisiell adresse

Kommunen har ansvar for å tildele offisielle adresser.

Offisiell adresse blir tildelt bygningar som skal brukast til

  • bustad
  • fritidsbustad
  • næringsverksemd
  • offentleg eller publikumsretta verksemd

Ei offisiell adresse består vanlegvis av vegnamn, adressenummer og eventuell bokstav.

Har du spørsmål om adressering, kan du kontakte oppmålingsavdelinga eller sende e-post til post@kinn.kommune.no.

Har du fått ny adresse?

Når kommunen har tildelt ny adresse, blir adressa registrert i matrikkelen.

Du må sjølv

  • informere eventuelle leigetakarar om den nye adressa
  • melde flytting til Folkeregisteret dersom det er aktuelt
  • sørgje for at bygget er tydeleg merkt med husnummer

Husnummeret skal vere godt synleg frå vegen, også i mørket.

Er adressa vanskeleg å finne?

Dersom du meiner adressa bør endrast, eller det er vanskeleg å finne fram til eigedomen, kan du kontakte kommunen.

Det kan til dømes vere aktuelt dersom

  • folk ofte køyrer feil
  • bygget ligg langt frå hovudvegen
  • tilkomsten går via kai, bom eller ein annan særskild veg
  • adressa ikkje gir eit tydeleg bilete av kvar ein skal køyre

Kommunen vurderer om det er behov for å endre adressa eller registrere eit betre tilkomstpunkt.

Vegnamn

Kommunen vedtek namn på vegar og gater etter reglane i stadnamnlova.

Du kan ikkje klage på sjølve valet av vegnamn, men du kan klage på skrivemåten.

Kan du klage på adressa?

Du kan klage på enkelte delar av eit adressevedtak, mellom anna

kva veg eller gate eigedomen er adressert til

  • feil adressenummer
  • feil bustadnummer
  • adressetilleggsnamn eller matrikkeladressenamn

Bustadnummer

Bustader i bygg med fleire bueiningar har eige bustadnummer i tillegg til vegadressa.

Bustadnummeret viser kvar bustaden ligg i bygget. Til dømes betyr H0203 at bustaden ligg i andre hovudetasje og er den tredje bustaden frå venstre.

Bustadnummeret skal vere synleg ved inngangsdøra.

Einebustader med éi bueining har vanlegvis bustadnummer H0101, men dette treng ikkje merkast på døra.