Samanslåing av eigedomar

Eigedomar med same eigarar og same hefte kan slåast saman.

Krav for samanslåing

  • Eigedomane må liggje i same kommune.
  • Eigedomane må ha dei same heimelshavarane (eigarane).
  • Eigedomane kan ikkje slåast saman dersom dei har ulike tinglyste pengehefte som fører til prioritetskollisjon. I slike tilfelle må hefta ryddast opp i først. Les meir om samanslåing og prioritet hos Statens kartverk.

Slik søkjer du

Du søkjer om å slå saman eigedomar ved å fylle ut skjemaet «Krav om samanslåing av tinglyste matrikkeleiningar» på nettsidene til Kartverket.

 Søknad om samanslåing av eigedomar

Kvar sender du søknaden?

Søknaden med vedlegg kan sendast til kommunen på e-post eller per post.

Kva kostar det?

Det er gratis å slå saman eigedomar, både hos kommunen og ved tinglysing.

Når samanslåinga er tinglyst, blir det utferda eit matrikkelbrev for eigedomen som står att.