Slette seksjonering

Når seksjoneringa på ein eigedom blir sletta, eig du ikkje lenger ein eigen seksjon, men ein del av grunneigedomen. Dersom berre enkelte seksjonar skal slettast, må dette gjerast gjennom reseksjonering.

Kriterium for å slette seksjonering

  • Alle seksjonseigarane må signere søknaden.
  • Dersom sameiget inneheld bustader og fleire enn éin person er heimelshavar, må de leggje ved ei erklæring om at ingen av heimelshavarane har einerett til å bruke ein bestemt bustad. I erklæringa må de også forklare kvifor seksjoneringa skal slettast.
  • Dersom det er tinglyst pant eller rådigheitsavgrensing på eigedomen, må du leggje ved skriftleg samtykke frå panthavar eller den som har rådigheitsavgrensinga.
  • Både erklæringa og samtykket må leverast på papir i original.

Slik søkjer du

Du søkjer om å slette ei seksjonering ved å fylle ut skjemaet «Begjæring om oppheving av seksjonering».

Søknad om å slette seksjonering 

Kvar sender du søknaden?

Du må levere skjemaet per post eller ved personleg oppmøte. Søknaden kan ikkje sendast digitalt, fordi vi må ha originale signaturar.

  • Postadresse: Kinn kommune, Postboks 294, 6701 Måløy

Kva kostar det?

Det kostar ingenting å slette seksjonering.