Kva er bruksendring?
Bruksendring betyr at du tek i bruk eit bygg, lokale eller rom på ein annan måte enn det er godkjent for.
Du må også ta omsyn til kva reguleringsplanen tillèt, og om den nye bruken påverkar omgjevnadene, til dømes gjennom meir trafikk eller endra opningstider.
Du treng ikkje sende søknad om bruksendring dersom
Du skal setje opp ein lettvegg innanfor same brukseining, til dømes for å lage eit ekstra kontor, hobbyrom eller soverom.
Det avgjerande er kva rommet er godkjent brukt til, og om den nye bruken endrar føresetnadene. Du kan til dømes dele eit soverom i to med ein lettvegg utan å søkje.
Du kan sende søknad om bruksendring sjølv dersom
Du skal ta i bruk ein bod eller eit vaskerom som soverom, stove eller liknande, altså endre frå tilleggsdel til hovuddel innanfor eksisterande bustad eller branncelle.
Dette føreset at du ikkje gjer søknadspliktige inngrep i berande konstruksjonar, til dømes ved å senke golvet i ein kjellar.
På nettsidene til Direktoratet for byggkvalitet finn du rettleiing om bruksendring..
Du må sende søknad om bruksendring med hjelp frå fagfolk dersom
Du skal etablere ei ny bueining, til dømes ei leilegheit eller sekundærleilegheit for utleige.
Du må også søkje med hjelp frå ansvarleg føretak dersom du skal endre bruken av eit bygg eller lokale, til dømes frå kontor til bustad eller frå bustad til forretning.
Det same gjeld dersom du ønskjer å endre ein fritidsbustad (hytte) til heilårsbustad.
Nyttige nettsider
Kva er ei bruksendring? (Direktoratet for byggkvalitet)