Kor mykje må eg betale i eigedomsskatt?

Kommunestyret vedtek kvart år reglane for eigedomsskatt i samband med budsjettet. Det omfattar mellom anna skattesatsane og kva eigedomar som eventuelt skal få fritak.

Eigedomsskatt blir skriven ut på faste eigedomar i heile Kinn kommune.

Skattesats for 2026

For 2026 gjeld desse satsane:

  • generell skattesats: 5,0 promille
  • skattesats for bustad- og fritidseigedomar: 3,3 promille

For bustad- og fritidseigedomar blir skattegrunnlaget redusert med 30 prosent før eigedomsskatten blir rekna ut.

Dersom eigedomsskatten for ein eigedom er mindre enn 300 kroner, blir det ikkje skrive ut skatt.

Skattesetel og eigedomsskatteliste

Kommunen sender kvart år ut ein skattesetel med informasjon om takst, skattegrunnlag, skattesats og utrekna eigedomsskatt.

Eigedomsskattelista blir publisert på kommunen si heimeside seinast 1. mars og ligg ute til offentleg gjennomsyn i fire veker.

Faktura og betaling

Eigedomsskatt blir som hovudregel fakturert over fire terminar, med same forfall som kommunale avgifter.

I MinEigedom kan du sjølv velje kor mange gonger i året du ønskjer å få faktura for kommunale avgifter og eigedomsskatt.

Logg inn MinEigedom

Avtalar med eit samla årsbeløp på mindre enn 500 kroner blir fakturerte samla i første termin.

Fritak frå eigedomsskatt

Nokre eigedomar er fritatt frå eigedomsskatt etter eigedomsskattelova. Andre eigedomar kan få fritak etter søknad.

Du finn meir informasjon på sida Fritak frå eigedomsskatt.

Har du spørsmål?

Har du spørsmål om eigedomsskatt, takst eller skattesetel, kan du kontakte eigedomsskattekontoret i Kinn kommune.

E-post: post@kinn.kommune.no
Post: Eigedomsskattekontoret i Kinn, Postboks 294, 6701 Måløy