Det kan til dømes gjelde feil i
- areal
- bygningar
- tomt
- andre opplysningar som ligg til grunn for taksten
Du kan klage på eigedomsskattetaksten kvart år i samband med den årlege utskrivinga av eigedomsskatt, dersom du ikkje har klaga på same grunnlag tidlegare.
Klagefrist
Fristen for å klage er seks veker etter at eigedomsskattelistene er kunngjorde.
Den konkrete fristen går fram av informasjonen kommunen publiserer i samband med den årlege utskrivinga.
Slik klagar du
Bruk det digitale skjemaet Klage på eigedomsskatt.
I klagen bør du forklare kva du meiner er feil og kvifor du meiner taksten bør endrast. Legg gjerne ved dokumentasjon som støttar klagen, til dømes
- skattesetel
- verditakst
- bilete
- teikningar eller annan dokumentasjon om eigedomen
Dersom du ikkje er tinglyst eigar eller festar av eigedomen, må du leggje ved skriftleg fullmakt frå eigaren eller festaren.
Dersom du ikkje kan bruke det digitale skjemaet, kan du sende klagen skriftleg til:
Eigedomsskattekontoret i Kinn
Postboks 294
6701 Måløy
Hugs å betale fakturaen
Du må betale eigedomsskatten innan forfall sjølv om klagen er under behandling.
Dersom du får medhald og har betalt for mykje eigedomsskatt, blir beløpet korrigert.
Kva skjer med klagen?
Sakkyndig nemnd behandlar klagen først.
Dersom du ikkje får fullt medhald, går klagen vidare til overtakstnemnda, som er klagenemnd for eigedomsskatt i Kinn kommune.
Du får skriftleg melding når klagen er ferdig behandla.