Når du er ferdig (ferdigattest)

Når tiltaket er ferdig, må du søkje om ferdigattest eller mellombels bruksløyve. Du må ha fått godkjent ferdigattest eller mellombels bruksløyve før du kan ta tiltaket i bruk.

Krav til ferdigattest

Ferdigattesten viser at tiltaket er ferdigstilt i samsvar med løyvet og krava i plan- og bygningslova.

Han markerer også at kommunen si behandling av byggjesaka er avslutta.

Som hovudregel skal alle søknadspliktige tiltak avsluttast med ferdigattest.

Når treng du ikkje ferdigattest?

  • ved oppretting eller endring av grunneigedom
  • for tiltak som er unnatekne søknadsplikt

Merk at du i enkelte tilfelle likevel må melde frå til kommunen når eit tiltak som ikkje er søknadspliktig, er ferdig.

Melding og bygg eller tilbygg unntatt søknadsplikt 

Mellombels bruksløyve

Eit mellombels bruksløyve gir deg rett til å ta bygget i bruk sjølv om ikkje alt arbeidet er ferdig.

Det kan til dømes vere aktuelt dersom

  • kjellar eller loft skal ferdigstillast seinare
  • uteareal ikkje kan opparbeidast før seinare

Kommunen skal opplyse kva arbeid som står att, og setje ein frist for når dette må vere ferdig.

Slik søkjer du om ferdigattest

Det er normalt ansvarleg søkjar som sender inn søknad om ferdigattest eller mellombels bruksløyve. Dersom saka ikkje har ein ansvarleg søkjar, er det du som tiltakshavar som skal sende inn søknaden.

Når du søkjer om ferdigattest, må du stadfeste at nødvendig dokumentasjon for driftsfasen er levert til eigaren av bygget.

Når du søkjer om mellombels bruksløyve, må du

  • beskrive kva arbeid som står att
  • stadfeste at bygget har eit tilfredsstillande tryggleiksnivå
  • opplyse når arbeidet skal vere ferdig

(Se veileder for utfylling av gjennomføringsplan)

Ved tiltak med krav om ansvarlege føretak må følgjande leggjast ved søknaden:

  1. Sluttrapport for avfall, dersom dette er aktuelt for tiltaket.
  2. Gjennomføringsplan.
  3. Dersom det er gjort mindre endringar som ikkje er søknadspliktige samanlikna med løyvet, må du også leggje ved:
  • oppdatert situasjonsplan
  • oppdaterte teikningar
  • dokumentasjon på korleis tiltaket er plassert slik det er utført

Søk om ferdigattest eller mellombels bruksløyve