Byggesøknad for fagfolk

Her finn du ei oversikt over dei ulike elektroniske søknadsløysingane for å sende byggjesøknad til kommunen.

1. Sjekk planar og føresegner for eigedomen

Før du byggjer, riv eller gjer endringar på eigedomen, må du undersøkje kva planar og føresegner som gjeld.

Planane avgjer mellom anna kva du kan byggje eller endre, og kva bygga på eigedomen kan brukast til.

Finn kva plan som gjeld for eigedomen

2. Samle alt du du må ha med i byggesøknaden

Skriv ut situasjonskart og teikn byggetiltaket med mål inn på kartet.

Få nokon til å teikne tiltaket for deg, eller teikn sjølv. Søknaden skal innehalde målsette fasadeteikningar, planteikningar og snitt-teikningar. Teikningane må vere tydelege og godt utførte.

3. Varsle aktuelle naboar, gjenbuarar og eventuelle offentlege instansar

Handsaminga av byggjesøknaden kan gå raskare dersom du har henta inn nødvendige uttalar og varsla aktuelle naboar og offentlege eller private instansar før du sender inn søknaden.

4. Send inn søknaden

Du kan sende søknaden til kommunen på fleire måtar:

  • Via Fellestenester BYGG finn du fleire elektroniske søknadsløysingar du kan bruke.
  • Via e-post til post@kinn.kommune.no.

Send inn elektronisk søknad via Fellestjenester BYGG

Dersom du ikkje har høve til å sende byggjesøknaden elektronisk, finn du søknadsskjema på nettsidene til Direktoratet for byggkvalitet.

Eg ønskjer å sende byggjesøknaden på papir

Dersom du ikkje ønskjer å sende søknaden elektronisk, kan du sende han per post til:

Kinn kommune, Postboks 294, 6701 Måløy