Om brannvesenet

Brann- og redningstenesta si hovudoppgåve er å førebyggje, hindre og avgrense brannar og ulukker i Kinn kommune.

Kinn brann og redning har beredskap for å handtere brannar, ulukker og andre akutte hendingar.

Den førebyggjande delen av brann- og redningstenesta arbeider mellom anna med

  • tilsyn i særskilde brannobjekt
  • feiing og tilsyn med fyringsanlegg i bustader og fritidsbustader
  • kurs og øvingar
  • synfaringar
  • samarbeid med andre tenester for å førebyggje brann og ulukker

Målet er å førebyggje hendingar og bidra til at Kinn er ein trygg kommune.

Treng du kontakt med oss?

Ved brann eller andre akutte situasjonar, ring 110.