Branntryggleik

Alle bustader skal ha sløkkjeutstyr og minst éin røykvarslar i kvar etasje.

Slik gjer du heimen meir brannsikker

  • Sørg for at bustaden har nok røykvarslarar. Det skal vere minst éin i kvar etasje, og dei skal dekke kjøkken, stove, området utanfor soverom og området utanfor tekniske rom. Brannvesenet anbefaler også røykvarslar på soverom.
  • Ha sløkkjeutstyr som er lett tilgjengeleg og enkelt å bruke, og kontroller jamleg at det fungerer.
  • Sørg for at rømningsvegane alltid er frie.
  • Hald brennbart materiale unna panelomnar og andre varmekjelder.
  • Ha alltid tilsyn med levande lys og open eld.
  • Vurder ekstra sløkkjeutstyr som brannteppe og sløkkjespray.
  • Installer komfyrvakt.

Du finn fleire råd om branntryggleik på Sikker hverdag.