Tryggleiksalarm

Tryggleiksalarm kan vere aktuelt for deg som bur heime og har behov for å kunne tilkalle hjelp i ein akutt situasjon.

Alarmen kan gi auka tryggleik dersom du til dømes har sjukdom, funksjonsnedsetjing, fallfare eller andre forhold som gjer at du kan få behov for rask hjelp.

Kva er ein tryggleiksalarm?

Tryggleiksalarmen har ein alarmknapp som du kan bere som smykke eller på handleddet.

Når du utløyser alarmen, får du kontakt med Alarmsentralen. Dei vurderer situasjonen og tek kontakt med heimetenesta eller annan avtalt hjelpar ved behov.

Kven kan få tryggleiksalarm?

Du kan søkje om tryggleiksalarm dersom du bur heime og har behov for å kunne tilkalle hjelp i akutte situasjonar.

I vurderinga ser kommunen mellom anna på

  • om du har sjukdom eller andre forhold som kan gi akutt behov for hjelp
  • om du har auka behov for tryggleik
  • om det er fare for at du kan falle og skade deg
  • om du er i stand til å bruke alarmen slik han er meint

Kommunen vurderer behovet ditt individuelt.

Tryggleiksalarm som helsehjelp

I enkelte tilfelle kan tryggleiksalarm bli tildelt som helsehjelp. Dette kan vere aktuelt når alarmen erstattar eller inngår som ein del av nødvendig helsehjelp.

Tryggleiksalarm som helsehjelp kan også kombinerast med anna velferdsteknologi, til dømes digitalt tilsyn, sengematte, døralarm eller andre varslingsløysingar.

Kva kostar det?

Frå 2027 kostar tryggleiksalarm som serviceteneste 489 kroner per månad. Prisen omfattar digital tryggleiksalarm med telefonabonnement.

Det blir fakturert maksimalt eitt gebyr per bueining.

Dersom tryggleiksalarmen eller anna utstyr blir tildelt som helsehjelp, er tenesta gratis. Det gjeld også tilkopling av utstyr som medisindispenser, sengematte og anna varslingsutstyr for digitalt tilsyn.

Praktisk informasjon

Det er éin månads oppseiingstid.

Dersom du mistar alarmknappen, må du erstatte denne. Batteri og slitasje på reim blir rekna som forbruksvarer som du sjølv må dekke.

Dersom du bur langt frå heimetenesta, eller på ein stad der heimetenesta ikkje kan rykke ut raskt, kan det vere nødvendig å avtale at ein person i nærområdet kan hjelpe dersom alarmen blir utløyst.

Slik søkjer du

Bruk søknadsskjemaet omsorgstenester

Når kommunen har fått søknaden, vurderer vi behovet ditt. Ein sakshandsamar kan kontakte deg for ein samtale eller avtale heimebesøk dersom det er nødvendig.

Du får eit skriftleg vedtak som viser om du har fått tryggleiksalarm og kva tenesta omfattar.