Middag til heimebuande (matombringing)

Dersom du på grunn av sjukdom, funksjonsnedsetjing eller andre forhold ikkje klarer å lage eller skaffe deg middag sjølv, kan du søkje om å få middag levert heim.

Målet med tenesta er å bidra til at du får eit godt og tilstrekkeleg kosthald og kan bu heime så lenge som mogleg.

Kven kan få middag levert?

Du kan søkje dersom du

  • har utfordringar med å få i deg eit tilfredsstillande kosthald
  • ikkje klarer å lage middag sjølv
  • har behov for praktisk eller personleg hjelp for å klare daglege gjeremål

Kommunen vurderer behovet ditt individuelt.

Kva får du?

Du får ferdig laga middag levert heim.

Menyane er varierte og ernæringsmessig sette saman. Dersom du har behov for spesialkost, til dømes på grunn av allergi, diett, behov for konsistenstilpassa mat eller kulturelle eller religiøse omsyn, kan maten tilpassast.

Du kan også bestille ulike porsjonsstorleikar.

Levering av middag

I Florø leverer Bordgleder kalde middagar heim til brukarane to gonger i veka.

I Måløy blir middag levert av Praktisk Team.

Dersom maten skal varmast opp med hjelp frå tenesta, må du ha mikrobølgjeomn.

Dette forventar vi av deg

Du må kunne opne døra og ta imot maten, eller avtale ei anna løysing dersom dette ikkje er mogleg.

Du må gi beskjed dersom

  • du reiser bort
  • du ikkje ønskjer levering som avtalt
  • behovet ditt endrar seg
  • du ikkje lenger ønskjer tenesta

Middag må avbestillast innan fristen du får opplyst frå tenesta.

Slik søkjer du

Bruk søknadsskjemaet for omsorgstenester

Du kan få hjelp frå kommunen til å søkje. Dersom nokon andre søkjer på dine vegner, må dei ha fullmakt frå deg.

Når kommunen har fått søknaden, vurderer vi behovet ditt. Ein sakshandsamar kan kontakte deg for ein samtale eller avtale heimebesøk dersom det er nødvendig.

Du får eit skriftleg vedtak som viser om du har fått tenesta.

Kva kostar det?

Du betaler eigenandel for middagen etter dei gjeldande satsane i Kinn kommune.

Kan du klage?

Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage. Informasjon om klagefrist og korleis du går fram, står i vedtaket.