Kva kan du få hjelp til?
Heimesjukepleia gir nødvendig helsehjelp, rettleiing og opplæring i eigen heim.
Du kan mellom anna få hjelp til
- å ta medisinar
- personleg hygiene og stell
- tilrettelegging av måltid og oppfølging av ernæring
- observasjon og oppfølging av helsetilstanden din
- sårstell og anna nødvendig behandling som du ikkje kan få utført på legesenteret
- opplæring og trening i daglege aktivitetar
Vi legg vekt på å hjelpe deg til å meistre mest mogleg sjølv. Hjelpemiddel og velferdsteknologi kan vere ein del av tilbodet.
Slik søkjer du
Du søkjer om heimesjukepleie ved å fylle ut søknadsskjemaet for helse- og omsorgstenester.
Søk om helse- og omsorgstenester
Tildelingseininga vurderer søknaden og hjelpebehovet ditt. Ein sakshandsamar kan kontakte deg for ein samtale eller avtale eit heimebesøk.
Ved behov hentar vi inn relevante opplysningar frå legen din.
Du får eit skriftleg vedtak som viser om du har fått tenesta, og kva hjelp du får.
Kva inngår ikkje i tenesta?
Heimesjukepleia omfattar normalt ikkje
- følgje til lege, tannlege eller andre helsetenester
- transport til og frå behandling eller opphald på sjukeheim
- innkjøp av matvarer
- besøk som berre har som føremål å føre tilsyn
Dersom du kan oppsøkje legesenteret sjølv, skal du som hovudregel få utført oppgåver som sårstell, blodprøvetaking, urinprøver, injeksjonar og vaksinering der.
Treng du hjelp til reinhald eller sengeskift, kan du søkje om heimehjelp (praktisk bistand).
Kven kan få heimesjukepleie?
Du kan få heimesjukepleie dersom du har behov for nødvendig helsehjelp for å kunne bu heime.
Tenesta kan vere aktuell dersom du
- har akutt eller langvarig sjukdom
- har nedsett fysisk eller psykisk funksjonsevne
- treng hjelp til å ta vare på eiga helse
- har behov for behandling, observasjon eller helsefagleg oppfølging i heimen
Det er behovet ditt for helsehjelp som avgjer om du får tenesta, uavhengig av alder og økonomi.
Vi vurderer også om hjelpemiddel, velferdsteknologi, opptrening eller andre tiltak kan bidra til at du klarer deg sjølv.
Kor ofte kan du få hjelp?
Kor ofte du får besøk av heimesjukepleia, og kva du får hjelp til, blir vurdert ut frå dei individuelle behova dine.
Kva hjelp du får, kjem fram av vedtaket ditt.
Dersom det oppstår akutte situasjonar hos andre som treng helsehjelp, kan planlagde besøk bli utsette eller avlyste. Vi må då vurdere korleis den nødvendige helsehjelpa di skal ivaretakast.
Dette må du sørgje for
For at vi skal kunne gi deg god og trygg hjelp, er det viktig at vi samarbeider.
Vi forventar at du, så langt du har føresetnader for det,
- utfører dei daglege oppgåvene du klarer sjølv
- handterer medisinane dine sjølv dersom du klarer det
- samarbeider med oss om bruk av hjelpemiddel og velferdsteknologi
- gjer deg kjend med kva hjelp du har fått vedtak om
- gir beskjed dersom du skal reise bort eller ikkje treng hjelp
- gir beskjed dersom helsetilstanden eller hjelpebehovet ditt endrar seg
Legg til rette for at vi kan hjelpe deg
Heimen din er også arbeidsplassen til dei tilsette i heimesjukepleia. Det er derfor viktig at vi saman legg til rette for eit trygt arbeidsmiljø.
Du må så langt som mogleg sørgje for at
- huset har synleg husnummer og godt opplyst inngang
- tilkomsten til bustaden er trygg, også ved snø og is
- personalet kjem seg inn i bustaden
- nødvendige hjelpemiddel kan brukast i heimen
- kjæledyr er i trygg forvaring medan vi er på besøk
- det ikkje blir røykt i bustaden medan vi er på besøk
- bustaden er godt lufta dersom du røykjer
- flytande handsåpe, tørkepapir og bossposar er tilgjengelege
Dersom du får hjelp til å varme middag, må du ha mikrobølgjeomn. Får du hjelp til å kontrollere vekta di, må du ha personvekt.
Dersom du har vanskar med å opne døra sjølv, kan vi avtale ei løysing som gir personalet tilgang til bustaden.
Kva kan du forvente av oss?
- Vi behandlar deg og heimen din med respekt.
- Vi samarbeider med deg om hjelpa du får.
- Dei tilsette har synleg legitimasjon.
- Du får ein kontaktperson som har eit særleg ansvar for å følgje opp tenestene dine.
- Vi sørgjer for at du får helsehjelp frå personell med nødvendig kompetanse.
- Vi legg til rette for at du skal kunne meistre mest mogleg sjølv.
Du kan møte ulike tilsette, mellom anna sjukepleiarar, helsefagarbeidarar, assistentar, lærlingar og studentar.
Kva kostar heimesjukepleie?
Heimesjukepleie er gratis.
Andre tenester du får i tillegg, til dømes heimehjelp eller middagslevering, kan ha eigenbetaling.
Har du rett til gratis tannbehandling?
Dersom du får heimesjukepleie minst éin gong i veka over ein periode på meir enn tre månader, kan du ha rett til gratis tannbehandling ved ein offentleg tannklinikk.
Kontakt den offentlege tannhelsetenesta for meir informasjon om rettane dine.
Dersom behovet ditt endrar seg
Hjelpa du får, skal vere tilpassa behova dine. Dersom helsetilstanden eller funksjonsevna di endrar seg, vurderer vi tenesta på nytt i samarbeid med deg.
Dette kan innebere at du får meir hjelp, mindre hjelp eller andre tenester som passar betre til behova dine.
Kan du klage?
Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen. Klagefristen er fire veker.
Dersom kommunen ikkje endrar vedtaket etter å ha vurdert klaga di, blir saka send vidare til Statsforvaltaren.
Du kan kontakte tildelingseininga dersom du treng hjelp til å klage.