Kva er BPA?
Med BPA får du assistentar som hjelper deg med oppgåver du ikkje klarer sjølv.
Du eller ein annan person på dine vegner fungerer som arbeidsleiar og har ansvar for å organisere hjelpa innanfor rammene i vedtaket. Arbeidsleiaren set mellom anna opp arbeidsplanar og styrer kva oppgåver assistentane skal utføre.
BPA er ikkje ei eiga teneste, men ein måte å organisere praktisk bistand og personleg assistanse på.
Kven kan ha rett til BPA?
Du kan ha rett til BPA dersom du
- er under 67 år
- har behov for hjelp i meir enn to år
- har behov for minst 32 timar personleg assistanse per veke
Har du behov for mellom 25 og 32 timar per veke, kan du også ha rett til BPA dersom kommunen ikkje kan dokumentere at ordninga vil gi vesentleg høgare kostnader enn andre måtar å organisere hjelpa på.
Har du fått BPA før du fylte 67 år, kan retten halde fram etter fylte 67 år.
Foreldre med ansvar for heimebuande barn under 18 år med nedsett funksjonsevne kan også ha rett til å få avlasting organisert som BPA.
Kommunen vurderer alltid behovet ditt individuelt.
Kva kan du få hjelp til?
BPA kan mellom anna omfatte hjelp til
- personleg stell og hygiene
- påkleding
- mat og måltid
- praktiske oppgåver i heimen
- aktivitetar og deltaking utanfor heimen
Helsetenester som krev helsefagleg kompetanse er normalt ikkje ein del av BPA-ordninga. BPA kan kombinerast med andre tenester dersom det gir ei betre samla løysing.
Kven kan vere arbeidsleiar?
Som hovudregel er det du som mottar BPA som er arbeidsleiar.
Dersom du ikkje kan ta denne rolla sjølv, kan ein nærståande, verje eller annan godkjend person i enkelte tilfelle vere arbeidsleiar på dine vegner.
Arbeidsleiarrolla er ikkje løna.
Slik søkjer du
Bruk søknadsskjemaet for omsorgstenester
Når kommunen har fått søknaden, kartlegg vi behovet ditt og vurderer om BPA er ei eigna organisering av hjelpa.
Du får eit skriftleg vedtak som viser om du har fått BPA, kor mykje hjelp du får og kva tenesta omfattar.
Kva kostar det?
Det kan vere eigenbetaling for den delen av BPA som gjeld praktisk bistand til daglege gjeremål og reinhald. Betalinga følgjer dei gjeldande satsane i Kinn kommune.
Det er ikkje eigenbetaling for personleg hjelp og andre delar av tenesta som ikkje kan krevjast betaling for.
Val av leverandør
Kinn kommune har ordning for drift av BPA. Dersom du får BPA, får du informasjon om kva val du har når det gjeld leverandør og organisering av ordninga.
Kan du klage?
Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen. Informasjon om klagefrist og korleis du går fram, står i vedtaket.