Kven kan få langtidsopphald?
Før kommunen tildeler langtidsopphald, skal andre aktuelle hjelpetiltak vere vurderte eller prøvde i eigen heim.
Kommunen vurderer mellom anna helsetilstanden, funksjonsnivået og det samla behovet ditt for hjelp gjennom heile døgnet.
Dersom du har samtykkekompetanse, må du sjølv ønskje tenesta.
Ved tildeling av plass på skjerma eining er det krav om demensdiagnose.
Kva får du under opphaldet?
Du får nødvendig pleie, omsorg og helsehjelp gjennom heile døgnet.
Eigenbetalinga omfattar mellom anna
- kost og losji
- medisinar
- nødvendige helse- og omsorgstenester
- tilsynslege
- fysioterapiteneste
- offentleg tannhelseteneste
Dersom du vel privat lege eller tannlege, må du betale dette sjølv.
Venteliste og plassering
Dersom du har rett til langtidsopphald eller bustad med heildøgns pleie- og omsorgstenester, men det ikkje er ledig plass, kan du bli sett på venteliste.
Ved endringar i omsorgsbehovet kan det bli nødvendig å flytte til ei anna avdeling eller ein annan institusjon for å få eit tilbod som er betre tilpassa behova dine.
Langtidsopphaldet kan også bli endra dersom helsa og funksjonsnivået ditt endrar seg slik at du ikkje lenger treng heildøgns omsorg.
Slik søkjer du
Bruk søknadsskjemaet for omsorgstenester
Tildelingseininga vurderer behovet ditt og du får eit skriftleg vedtak.
Kva kostar det?
Du betaler eigenandel for langtidsopphald etter gjeldande reglar og satsar.
Kor mykje du skal betale, blir mellom anna rekna ut på grunnlag av inntekta di.
Når du flyttar inn
Du, pårørande eller verje må melde flytting til Folkeregisteret og andre aktuelle mottakarar.
Private eigendelar er ikkje forsikra av kommunen. Klede bør merkast med namn.
Kan du klage?
Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen. Klagefristen er fire veker frå du fekk vedtaket.