Kven kan få korttidsopphald?
Korttidsopphald kan vere aktuelt dersom du har eit tidsavgrensa behov som ikkje kan dekkjast på ein forsvarleg måte heime.
Opphaldet kan mellom anna vere aktuelt for
- utgreiing og vurdering av funksjonsnivå og behov for vidare tenester
- observasjon og behandling
- pleie og omsorg i ein avgrensa periode
- omsorg ved livets slutt
- akutt sjukdom hos den som vanlegvis gir deg omsorg
Før du får korttidsopphald, skal andre aktuelle tiltak vere vurderte eller prøvde.
Dersom du har behov for medisinsk observasjon eller behandling, må det først avklarast om du treng hjelp frå sjukehus.
Korttidsopphald for utgreiing, vurdering og behandling blir vanlegvis planlagt for inntil to veker.
Kva skjer under opphaldet?
Vi kartlegg funksjonsnivået ditt, kva du klarer sjølv og kva hjelp du kan ha behov for vidare.
Ved behov lagar vi ein plan for opphaldet saman med deg og eventuelt pårørande. Du blir oppmoda til å gjere dei aktivitetane du klarer sjølv.
Behovet for forlenging, andre tenester eller eventuelt langtidsopphald blir vurdert fortløpande.
Slik søkjer du
Bruk søknadsskjemaet for omsorgstenester
Tildelingseininga vurderer behovet ditt. Dersom du har samtykkekompetanse, må du sjølv ønskje tenesta.
Du får eit skriftleg vedtak.
Kva kostar det?
Du betaler eigenandel etter gjeldande satsar for korttidsopphald i Kinn kommune.
Eigenbetalinga omfattar kost, losji og legemiddel under opphaldet.
Etter 60 døgn med korttidsopphald i løpet av eit kalenderår blir det kravd eigenbetaling etter reglane for langtidsopphald.
Kommunen har ansvar for transport til og frå korttidsopphaldet.
Kva må du ta med?
Du må ta med nødvendig personleg utstyr, eigne hjelpemiddel og medisinar som ikkje er skrivne ut av lege ved institusjonen.
Private klede bør merkast med namn.
Kan du klage?
Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen. Klagefristen er fire veker frå du fekk vedtaket.