Øyeblikkeleg hjelp døgnopphald (KAD-plassar)

Øyeblikkeleg hjelp døgnopphald, ofte kalla KAD eller ØHD, er eit kommunalt tilbod når du treng rask medisinsk vurdering, behandling eller omsorg, men ikkje nødvendigvis treng å bli lagd inn på sjukehus.

Målet er å gi deg forsvarleg hjelp nær der du bur og unngå sjukehusinnlegging når kommunen kan gi den hjelpa du treng.

Kven kan få KAD?

KAD kan vere aktuelt ved akutt sjukdom eller forverring av ein kjent tilstand når det er medisinsk forsvarleg at kommunen står for utgreiing, behandling og omsorg.

Tilbodet gjeld mindre alvorlege tilfelle der det er behov for hjelp som ikkje var planlagd på førehand.

Du skal alltid bli undersøkt og vurdert av lege før du kan bli lagd inn på KAD. Legen lagar ein behandlingsplan for opphaldet.

Du søkjer ikkje sjølv

KAD er ikkje ei teneste du sjølv sender søknad om.

Ein lege vurderer om KAD er rett tilbod for deg og ordnar innlegging dersom det er aktuelt.

Kva skjer under opphaldet?

Du får nødvendig medisinsk behandling, observasjon og omsorg etter behandlingsplanen.

Tilbodet er knytt til det akutte hjelpebehovet. Fysioterapi og ergoterapi er ikkje ein del av KAD-tenesta.

Transport

Helseføretaket har ansvar for transport til det kommunale øyeblikkeleg hjelp-tilbodet på same måte som ved transport til sjukehus.

Kva kostar det?

Det er ingen eigenbetaling for KAD-opphald.