Kven kan få avlasting?
Avlasting kan vere aktuelt dersom
- du bur saman med personen du gir omsorg til
- du har omfattande og regelmessige omsorgsoppgåver
- omsorgsarbeidet er særleg tyngande
- personen du gir omsorg til ikkje kan vere åleine heile eller delar av døgnet
- omsorgsarbeidet gir deg avgrensa høve til nødvendig og regelmessig ferie og fritid
Omsorgsbehovet kan vere fysisk, psykisk eller sosialt.
Kommunen vurderer behovet individuelt og ser avlasting i samanheng med andre tenester og tiltak.
Kva omfattar avlastinga?
Avlastinga er tidsavgrensa og kan også bli gitt som ei fast, rullerande ordning.
Omfanget og innhaldet blir tilpassa behovet etter ei tverrfagleg vurdering.
Avlastingsopphald omfattar ikkje utgreiing, behandling eller rehabilitering.
Slik søkjer du
Bruk søknadsskjemaet for omsorgstenester
Kommunen vurderer søknaden og behovet for avlasting. Dersom personen som skal ha avlastingsopphald har samtykkekompetanse, må han eller ho sjølv ønskje tenesta.
Du får eit skriftleg vedtak.
Kva kostar det?
Avlasting i institusjon er gratis. Transport til og frå avlastingsopphaldet er inkludert.
Du må sjølv betale for aktivitetar som ikkje skjer i regi av institusjonen.
Kva må du ta med?
Den som skal ha avlastingsopphald, må ta med nødvendig personleg utstyr, medisinar og hjelpemiddel som blir brukte til dagleg.
Private klede bør merkast med namn.
Kan du klage?
Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen. Klagefristen er fire veker frå du fekk vedtaket.