Kven kan få omsorgsbustad?
Du kan søkje dersom
- du er over 18 år
- du har vore folkeregistrert i Kinn kommune dei to siste åra
- du har helsesvikt eller fysisk eller psykisk funksjonsnedsetjing
- den bustaden du bur i no i liten eller ingen grad kan tilpassast behova dine
- du har prøvd å finne ein eigna bustad på den private marknaden
- du har eit omfattande hjelpebehov
- andre aktuelle tiltak og tenester lågare i omsorgstrappa er prøvde eller vurderte
Dersom du har samtykkekompetanse, må du sjølv ønskje tenesta.
Kommunen vurderer behovet ditt individuelt. Du får eigne vedtak på helse- og omsorgstenester du treng i tillegg til sjølve bustaden.
Kva er ein omsorgsbustad?
Omsorgsbustaden er heimen din. Du inngår leigeavtale med kommunen, og leigeforholdet blir regulert av husleigelova.
Du må sjølv
- møblere bustaden
- ha innbuforsikring
- melde flytting til Folkeregisteret og andre aktuelle mottakarar
- sørgje for at nødvendige hjelpemiddel er på plass før innflytting
Du kan søkje om bustøtte dersom du oppfyller vilkåra.
Kva inngår ikkje?
Omsorgsbustaden omfattar ikkje automatisk andre helse- og omsorgstenester. Desse må du søkje om etter behov.
Kommunen hjelper heller ikkje med inn- eller utflytting eller nedvask av bustaden.
Slik søkjer du
Bruk søknadsskjemaet for omsorgstenester
Tildelingseininga vurderer søknaden og det samla behovet ditt. Du får eit skriftleg vedtak.
Kva kostar det?
Du betaler husleige etter gjeldande satsar i Kinn kommune.
Andre tenester du får vedtak på, kan ha eigenbetaling etter dei vanlege reglane for den aktuelle tenesta.
Dersom behovet ditt endrar seg
Dersom du ikkje lenger oppfyller vilkåra for omsorgsbustad, kan kommunen vurdere tenesta på nytt.
Kan du klage?
Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen. Klagefristen er fire veker frå du fekk vedtaket.