Omsorgsbustad med heildøgnsteneste

Omsorgsbustad med heildøgnsteneste er ein tilrettelagd bustad for deg som har eit stort hjelpebehov og treng tilgang til helse- og omsorgstenester gjennom heile døgnet.

Dette er eit meir omfattande tilbod enn ordinær omsorgsbustad, men bustaden er framleis heimen din og ikkje ein institusjonsplass.

Kven kan få omsorgsbustad med heildøgnsteneste?

Tenesta kan vere aktuell dersom

  • du har eit omfattande og varig behov for pleie og omsorg
  • du ikkje lenger kan bu forsvarleg i den bustaden du har, sjølv med omfattande hjelp frå heimetenestene
  • andre aktuelle tiltak og tenester er prøvde eller vurderte
  • du har behov for ein bustad som er tilrettelagd for orienterings- eller rørslevanskar og tilgang til hjelp heile døgnet

Dersom du har samtykkekompetanse, må du sjølv ønskje tenesta.

Kommunen vurderer det samla hjelpebehovet ditt individuelt.

Kva får du?

Bustaden er tilrettelagd slik at du skal kunne meistre daglege aktivitetar så godt som mogleg.

Du får helse- og omsorgstenester etter individuelle vedtak og behov. Det er personale tilgjengeleg heile døgnet.

Nokre omsorgsbustader er knytte til bufellesskap med fellesareal.

Bustaden er heimen din

Du inngår leigeavtale med kommunen og betaler husleige.

Andre helse- og omsorgstenester blir tildelte gjennom eigne vedtak, på same måte som for andre heimebuande.

Du må sjølv møblere bustaden og ha innbuforsikring.

Slik søkjer du

Bruk søknadsskjemaet for omsorgstenester

Tildelingseininga vurderer behovet ditt og kva bustadtype som er best eigna. Du får eit skriftleg vedtak.

Du må rekne med at du kan få tilbod om ein annan omsorgsbustad enn den du helst ønskjer.

Kva kostar det?

Du betaler husleige etter gjeldande satsar i Kinn kommune.

Det kan i tillegg vere eigenbetaling for tenester som praktisk bistand, mat og andre tenester etter gjeldande reglar og satsar.

Dersom behovet ditt endrar seg

Kommunen vurderer tenestene og bustadbehovet ditt på nytt dersom helsa eller funksjonsnivået ditt endrar seg.

Kan du klage?

Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen. Klagefristen er fire veker frå du fekk vedtaket.