Korttidsleige av omsorgsbustadKorttidsleige av omsorgsbustad er eit mellombels butilbod for deg som av helsemessige årsaker ikkje kan bu i eigen heim i ein periode.Dette er ikkje det same som korttidsopphald på sjukeheim. Du leiger ein tilrettelagd bustad, medan eventuelle helse- og omsorgstenester må søkjast om i tillegg.Kven kan få korttidsleige?Korttidsleige kan vere aktuelt dersomdu har helsesvikt eller fysisk eller psykisk funksjonsnedsetjingdu har eit akutt behov for ein mellombels, tilrettelagd bustaddu i ein periode treng nærleik til helsepersonell på ein måte som ikkje kan løysast i eigen heimandre aktuelle tiltak lågare i omsorgstrappa er prøvde eller vurderteDersom du har samtykkekompetanse, må du sjølv ønskje tenesta.Bustaden blir tildelt for ein avgrensa periode med ein fastsett start- og sluttdato.Kva inngår ikkje?Korttidsleiga omfattar ikkje automatisk helse- og omsorgstenester. Desse må du søkje om i tillegg dersom du har behov for dei.Kommunen hjelper ikkje medinn- og utflyttingnedvask av bustadenDu må også sjølv betale transport til og frå omsorgsbustaden.Etter opphaldetDersom du framleis har behov for ein tilrettelagd bustad etter at korttidsleiga er avslutta, forventar kommunen at du vurderer å kjøpe eller leige ein eigna bustad på den private marknaden.Slik søkjer duBruk søknadsskjemaet for omsorgstenesterTildelingseininga vurderer behovet ditt. Du får eit skriftleg vedtak som mellom anna viser kor lenge du kan leige bustaden.Kva kostar det?Du betaler etter gjeldande satsar forhusleigeeventuell praktisk bistandvask av private kledeeventuell leige av sengetøy og handklefull kost dersom dette inngår i tilbodetKan du klage?Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen. Klagefristen er fire veker frå du fekk vedtaket.