Rehabiliteringsopphald

Rehabiliteringsopphald er eit tidsavgrensa opphald for deg som har fått redusert funksjonsevne etter sjukdom eller skade og treng tverrfagleg rehabilitering. Målet er at du skal gjenvinne eller betre funksjonane dine, meistre mest mogleg sjølv og kunne reise heim etter opphaldet.

Kven kan få rehabiliteringsopphald?

Rehabiliteringsopphald kan vere aktuelt dersom

  • du har behov for tidsavgrensa rehabilitering som ikkje praktisk kan gjennomførast heime
  • andre aktuelle tiltak er vurderte eller prøvde
  • du er tilstrekkeleg medisinsk utgreidd
  • du er motivert, eller kan motiverast, til rehabilitering
  • du kan delta aktivt og bidra med eigeninnsats i rehabiliteringa

Dersom du har samtykkekompetanse, må du sjølv ønskje tenesta.

Kva skjer under opphaldet?

Rehabiliteringa er tverrfagleg. Saman med deg set vi konkrete mål for opphaldet.

Du kan mellom anna få hjelp til å

  • gjenvinne eller vedlikehalde fysisk, psykisk eller sosial funksjon
  • meistre daglege aktivitetar
  • utvikle nye ferdigheiter
  • finne nye måtar å meistre kvardagen på

Du kan få individuell oppfølging frå fysioterapeut eller ergoterapeut når det er behov for det.

Rehabiliteringsopphald kan vare i inntil fire veker. Behovet og framgangen din blir vurderte fortløpande.

Slik søkjer du

Bruk søknadsskjemaet for omsorgstenester

Tildelingseininga vurderer søknaden og behovet ditt. Du får eit skriftleg vedtak.

Kva kostar det?

Du betaler eigenandel etter gjeldande satsar for korttidsopphald i Kinn kommune.

Eigenbetalinga omfattar kost, losji og legemiddel under opphaldet.

Etter 60 døgn med korttidsopphald i løpet av eit kalenderår blir det kravd eigenbetaling etter reglane for langtidsopphald.

Kommunen har ansvar for transport til og frå opphaldet.

Kva må du ta med?

Du må ta med nødvendig personleg utstyr, eigne hjelpemiddel og medisinar som ikkje er skrivne ut av lege ved institusjonen.

Private klede bør merkast med namn.

Kan du klage?

Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen. Klagefristen er fire veker frå du fekk vedtaket.