Ope dagtilbodØnskjer du å treffe andre, delta i aktivitetar eller få meir sosialt fellesskap i kvardagen? I Kinn har vi fleire opne møteplassar og aktivitetstilbod. Du treng ikkje søkje kommunen om å delta.Ope hus i FlorøOpe hus er eit kultur- og aktivitetstilbod for deg som bur heime og har fri på dagtid.Tilbodet blir koordinert av LEVVEL-teamet i samarbeid med lokale lag, organisasjonar og kulturinstitusjonar.Innhaldet og møtestaden kan variere frå veke til veke.Møteplassar i Måløy og RaudebergVågsøy frivilligsentral organiserer sosiale møteplassar for seniorar som bur heime.Du finn møteplassar vedSelstadgården i MåløySkaretun på RaudebergE-fløya på KulatoppenHer kan du mellom anna delta på allsong, kulturinnslag og sosialt samvær over ein kopp kaffi.Finn fleire aktivitetar nær degLokale lag, foreiningar og frivilligsentralane har mange aktivitetstilbod rundt om i kommunen.I aktivitetskalenderen i Friskus finn du informasjon om kommande aktivitetar og arrangement.Du finn også fleire tilbod under Friskliv og aktivitet.Treng du eit tilrettelagt dagtilbod?Dersom du på grunn av sjukdom eller nedsett funksjonsevne har behov for hjelp til å delta i aktivitetar, kan du søkje om eit tilrettelagt dagtilbod frå kommunen.Les meir under Dagtilbod etter søknad. Sist endra 27.11.2026 08.13