Dagtilbod etter søknad

Har du demenssjukdom eller er under utgreiing for demens, og treng hjelp til å delta i aktivitetar og sosiale fellesskap? Då kan du søkje om dagtilbod frå kommunen.

Målet er at du skal ha ein trygg, aktiv og meiningsfull kvardag og kunne bu heime så lenge som mogleg. Tilbodet kan også gi støtte og avlasting til pårørande.

Kva får du på dagtilbodet?

Aktivitetane blir tilpassa behova, interessene og funksjonsnivået ditt.

Du kan mellom anna få tilbod om

  • sosialt samvær
  • fysisk aktivitet og turar
  • musikk og kulturelle aktivitetar
  • kreative aktivitetar
  • felles måltid
  • trening og vedlikehald av daglege ferdigheiter

Du får hjelp og rettleiing frå personalet etter behov.

Kven kan få dagtilbod?

Du kan søkje dersom du

  • bur i eigen heim
  • har demenssjukdom eller er under utgreiing for demens
  • treng hjelp til å komme deg ut og treffe andre
  • har behov for aktivitet, rettleiing, trening eller vedlikehald av ferdigheiter

Kommunen vurderer behovet ditt individuelt. Behovet til pårørande for støtte og avlasting inngår også i vurderinga.

Dersom du sjølv kan ta avgjerda, må du ønskje å delta på tilbodet.

Kvar har vi dagtilbod?

Kinn kommune har dagtilbod for personar med demens ved

  • Florø omsorgssenter
  • Allhuset i Eikefjord
  • Ressurssenteret for demensramma i Måløy

Tilboda er opne på kvardagar. Aktivitetane kan variere mellom dei ulike stadene.

Slik søkjer du

Bruk søknadsskjemaet omsorgstenester

Tildelingseininga vurderer søknaden og behovet ditt. Du får eit skriftleg vedtak.

Kva kostar det?

Du betaler for måltid og eventuell transport etter gjeldande betalingssatsar i Kinn kommune.

Dersom du ikkje kan møte

Du må gi beskjed dersom du ikkje kan møte til avtalt tid.

Mat må avbestillast minst fire dagar på førehand. Ved akutt sjukehusinnlegging gjeld ikkje denne fristen.

Dersom behovet ditt endrar seg

Dagtilbodet blir avslutta dersom du får tilbod om omsorgsbustad med heildøgnsteneste eller institusjonsplass.

Kan du klage?

Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen. Klagefristen er fire veker frå du fekk vedtaket.

Andre tilrettelagde dagtilbod

Kinn kommune har også eigne aktivitetstilbod for andre målgrupper.

  • Dagtilbod for personar med utviklingshemming
  • Aktivitetstilbod innan psykisk helse og rus

Dersom du ikkje treng eit individuelt tilrettelagt dagtilbod, kan du delta på opne dagtilbod og møteplassar.