Pris og redusert betaling i SFO

Kommunestyret fastset satsane for SFO kvart år. Kostpengar kjem i tillegg til betalinga for sjølve SFO-plassen. Sjå gjeldande prisar for SFO i gebyr- og avgiftsregulativet.

12 timar gratis SFO for 1.–3. trinn

Elevar på 1., 2. og 3. trinn har rett til 12 timar gratis SFO per veke.

Dersom barnet har eit større SFO-tilbod enn dei gratis timane, blir verdien av dei gratis timane trekt frå foreldrebetalinga.

Du kan også velje eit SFO-tilbod som berre omfattar dei 12 gratis timane.

Gratis SFO for elevar med særlege behov på 5.–7. trinn

Elevar med særlege behov på 5.–7. trinn har rett til gratis SFO. Kostpengar kjem i tillegg.

Søskenmoderasjon

Har du fleire barn i SFO, får du 30 prosent søskenmoderasjon frå barn nummer to. Du treng ikkje søkje om søskenmoderasjon.

Kan eg få redusert betaling?

Dersom hushaldninga har låg inntekt, kan du søkje om redusert foreldrebetaling for barn på 1.–4. trinn.

Foreldrebetalinga per elev skal ikkje vere høgare enn 6 prosent av den samla inntekta til hushaldet.

Hovudsøknadsfristen er 1. juni kvart år. Du må søkje på nytt for kvart skuleår.

Du kan også søkje etter 1. juni. Dersom du får innvilga søknaden, gjeld den reduserte betalinga frå månaden etter at kommunen mottok søknaden.

Søk om redusert foreldrebetaling i SFO

Kva inntekt blir lagd til grunn?

Kommunen vurderer den samla inntekta til hushaldet.

Som hushald reknar vi mellom anna

  • einslege foreldre
  • ektefellar og registrerte partnarar
  • sambuarar som har felles barn
  • sambuarar som har budd saman i eit ekteskapsliknande forhold i minst 12 av dei siste 18 månadene

Dersom barnet bur fast hos begge foreldra, legg kommunen til grunn inntekta i hushaldet der barnet er folkeregistrert.

Dokumentasjon

Som hovudregel bruker kommunen den siste skattemeldinga som dokumentasjon på inntekta.

Dersom skattemeldinga ikkje viser den faktiske inntekta til hushaldet, kan du måtte dokumentere inntekta på annan måte. Det kan til dømes vere med

  • lønnsslippar
  • dokumentasjon på introduksjonsstønad
  • vedtak om skattepliktige ytingar frå NAV