Opningstider på SFOSFO har dagleg opningstid innanfor tidsrommet kl. 06.45–16.30.Dei konkrete opningstidene kan variere frå skule til skule og blir tilpassa lokale behov. Ta kontakt med SFO på skulen din dersom du treng informasjon om dei lokale opningstidene.Det ordinære SFO-tilbodet følgjer skuleruta og er ope 190 dagar i året.SFO i skuleferianeKinn kommune har ferie-SFO dei dagane skulen og det ordinære SFO-tilbodet er stengt.Du kan søkje om ferie-SFOto veker før skulestart i augusti haustferieni vinterferiento veker etter skuleslutt i juniFerie-SFO er eit samordna tilbod. Det må vere minst 12 påmelde elevar for at tilbodet skal bli sett i gang. Sist endra 21.10.2026 13.18