Ferie-SFO

Ferie-SFO er eit tilbod til elevar på 1.–4. trinn som allereie har SFO-plass i Kinn kommune.

Tilbodet blir organisert samla for fleire skular og blir sett i gang dersom det er nok påmelde barn.

Når er det ferie-SFO?

Du kan søkje om ferie-SFO i desse periodane:

  • to veker før skulestart i august
  • haustferien
  • vinterferien
  • to veker etter skuleslutt i juni

Det er ikkje mogleg å søkje om enkeltdagar.

Slik søkjer du

Du må søkje særskilt om ferie-SFO.

Søk om ferie-SFO

Søknadsfristane blir kunngjorde på nettsida vår før kvar ferieperiode.

Kvar er ferie-SFO?

Ferie-SFO er eit samordna tilbod. Kvar tilbodet blir gitt, kan variere etter kor mange barn som melder seg på.

Det må vere minst 12 påmelde barn for at tilbodet skal bli sett i gang.

Opningstider

Ferie-SFO har opningstid innanfor tidsrommet kl. 06.45–16.30. Dei konkrete opningstidene blir tilpassa behovet.

Pris

Ferie-SFO har eigne betalingssatsar og blir fakturert i tillegg til den ordinære SFO-plassen.