Permisjon frå pliktig undervisning (elevpermisjon)

Du kan søke om permisjon frå skulen for barnet ditt. Skulen vurderer kvar søknad individuelt og kan gi permisjon i inntil 10 skuledagar per år dersom det er forsvarleg.

Kor lenge kan barnet få permisjon?

Ein elev kan få inntil 10 skuledagar permisjon per år. Dagane kan fordelast på fleire permisjonar.

Skulen kan ikkje gi meir enn 10 dagar samanhengande permisjon. Dersom de ønskjer samanhengande fri utover 10 skuledagar, blir eleven skriven ut av skulen og må søkje om plass på nytt når eleven kjem tilbake.

Skulen vurderer kvar søknad

Permisjon kan berre bli innvilga dersom skulen meiner det er forsvarleg for eleven.

I vurderinga ser skulen mellom anna på

  • den faglege utviklinga til eleven
  • undervisninga i perioden det blir søkt permisjon for
  • fråværet eleven har hatt tidlegare

Det skal som hovudregel ikkje givast permisjon i periodar med nasjonale prøver, større prøver eller eksamen.

Slik søker du

Skal barnet ha permisjon i éin skuledag, søkjer du gjennom IST Home.

Skal barnet ha permisjon i meir enn éin dag, bruker du søknadsskjemaet nedanfor.

Søk permisjon fra pliktig undervisning

Du bør vanlegvis sende søknaden seinast 10 dagar før permisjonen skal starte.

Du kan klage på vedtaket

Vedtak om permisjon er eit enkeltvedtak. Dersom du ønskjer å klage, er klagefristen tre veker frå du mottok vedtaket.

Klagen skal rettast til Statsforvaltaren i Vestland, men sendast til skulen.

Fråtrekk av fråvær (ungdomsskuleelevar)

Last ned skjema for fråtrekk av fråvær i grunnskule (PDF, 148 kB)

I eit opplæringsår kan du søke om fråtrekk av inntil 10 dokumenterte fråværsdagar frå vitnemålet. Ein kan stryke dagar der eleven har innvilga permisjonar etter opplæringslova § 2-2 eller fråvær av helsegrunnar. Slikt fråvær må det søkast om, og legeerklæring må ligge som vedlegg til søknaden om det er helsegrunnar. Fråvær som skuldast helsegrunnar må vare meir enn 3 dagar, og berre fråvær frå og med 4. fråværsdag kan strykast. Ved funksjonsnedsetting og/eller kronisk sjukdom, kan fråvær strykast frå og med første fråværsdag.