Byte skule

Elevar får tildelt skuleplass i skulekrinsen der dei har folkeregistrert adresse det året dei fyller fem år. Dersom du ønskjer at barnet skal gå på ein annan skule, kan du søke om det.

Slik søker du

Du kan søke om at barnet skal gå på ein annan skule enn den skulen barnet høyrer til. Dersom søknaden blir innvilga, må du som føresett som hovudregel dekke eventuell skuleskyss sjølv.

Søk om å byte skule

Søknaden blir behandla av skuleadministrasjonen. Ønskje om mellombelse endringar blir behandla av rektor ved den aktuelle skulen.