Søk barnehageplass

Du kan søke om barnehageplass heile året. Fristen for å søke til hovudinntaket er 15. februar.

Søker du utanom hovudinntaket, blir barnet sett på prioritert venteliste. Dersom det blir ledig plass i løpet av barnehageåret, blir plassar tildelt etter ventelista.

Slik søker du om barnehageplass

Du søker om barnehageplass digitalt.

Søk om barnehageplass

Barn som allereie har barnehageplass, skal ikkje søke på nytt. Dersom barnet skal byte frå ein barnehage til ein annan, må du søke om dette innan fristen for hovudinntaket.

Søknadsfrist

Det er eitt hovudinntak til ledige barnehageplassar kvart år. Søknadsfristen er 15. februar.

Du kan også søke om barnehageplass utanom hovudinntaket. Det kan til dømes vere aktuelt dersom

  • barnet flyttar til kommunen etter oppstarten av det nye barnehageåret
  • barnet ikkje ønskjer plass ved første aktuelle hovudinntak
  • barnet takkar nei til ein tildelt barnehageplass
  • barnet seier opp barnehageplassen sin

Barn det blir søkt om plass til utanom hovudinntaket, blir ført opp på prioritert venteliste. Dersom det blir ledig plass i ein barnehage i løpet av året, blir plassen tildelt etter ventelista.

Kven har rett til barnehageplass?

Barn som fyller eitt år innan utgangen av november det året du søkjer om plass, har rett til barnehageplass den månaden barnet fyller eitt år.

For å ha rett til plass må

  • du ha søkt om barnehageplass til hovudinntaket
  • barnet vere busett og folkeregistrert i Kinn kommune det året du søkjer om plass

Kinn kommune kan oppfylle retten til barnehageplass på tre måtar:

  • Barnet får plass i barnehagen de har som førsteønske.
  • Barnet får plass i barnehagen de har som andreønske.
  • Barnet får tilbod om plass i ein annan barnehage.

Dersom barnet ikkje får plass i barnehagen de har som første- eller andreønske, får de tilbod om ein annan barnehage i opptaksområdet som har ledig plass.

Prioritet ved opptak

Nokre barn har rett til prioritet ved opptak i barnehage. Dette gjeld barn med nedsett funksjonsevne og enkelte barn med vedtak etter barnevernslova.

Dokumentasjon, som sakkunnig vurdering eller vedtak frå barnevernstenesta, må følgje søknaden.

Barn som har rett til prioritet, har fortrinnsrett til barnehageplass i opptaksområdet, også utanom hovudinntaket.

Kva barnehage skal eg velje?

Kinn kommune har både kommunale og private barnehagar. Du finn informasjon om kvar barnehage, kontaktinformasjon og årsplanar i oversikta vår.

Sjå oversikt over barnehagane i Kinn

Klage på tildeling av barnehageplass

Tildeling av barnehageplass er eit enkeltvedtak.

Dersom barnet ikkje får første- eller andreønsket sitt oppfylt, kan du be om ei skriftleg grunngiving eller innsyn i dokumenta i saka.

Du kan klage på vedtaket innan tre veker etter at du har fått brevet om tildelt barnehageplass.

Skriftleg klage sender du til:

Kinn kommune
Postboks 294
6701 Måløy