Pris og redusert foreldrebetaling i barnehage

Prisen for barnehageplass er regulert av ein nasjonal maksimalpris. I Kinn kan du velje mellom ulike storleikar på barnehageplassen, og dersom familien har låg inntekt eller fleire barn i barnehage, kan du ha rett til redusert foreldrebetaling.

Kva kostar ein barnehageplass?

Du betaler for barnehageplassen i 11 månader i året. Juli er betalingsfri.

For kommunale barnehagar i Kinn er maksimalprisen 1500 kroner per månad for ein heil plass.

Kostpengar kjem i tillegg, og er berre aktuelt for dei barnehagane som har matservering.

Prisliste for barnehageplass, mjølk og frukt (matservering)

Prisen for barnehageplass og matservering vert justert kvart år - gå til prislista her (Framsikt).

Kan eg få redusert betaling?

Dersom hushaldninga har låg inntekt, kan du ha rett til redusert foreldrebetaling.

Ingen hushald skal betale meir enn 6 prosent av den samla skattepliktige inntekta per barn i barnehage, opp til maksimalprisen.

Kommunen bruker som hovudregel den siste skattemeldinga når vi behandlar søknaden.

Gratis kjernetid

Barn som er 2, 3, 4 eller 5 år, og barn med utsett skulestart, kan ha rett til 20 timar gratis barnehage i veka dersom hushaldninga har låg inntekt.

Frå 1. august 2026 er inntektsgrensa 692 465 kroner.

Søk om redusert foreldrebetaling og gratis kjernetid

Redusert pris for søsken

Har du fleire barn i barnehage i same kommune, får du søskenmoderasjon. Du treng ikkje søkje om dette.

  • For barn nummer to får du minst 30 prosent reduksjon i foreldrebetalinga.
  • Barn nummer tre og fleire har gratis barnehageplass. Kostpengar kjem framleis i tillegg.

Barna treng ikkje gå i same barnehage for at du skal få søskenmoderasjon.