Endre eller seie opp barnehageplass

For å gjere endringar eller seie opp barnehageplassen din brukar du same portal som då du søkte om plassen.

For å gjere endringer må du logge inn med ID-Porten, slik at du får tilgang til dine opplysningar.

Endre eller seie opp barnehageplass

Etter du har gjort endringane du ønskjer, behandler vi dei fortløpande og gir deg tilbakemelding på e-post eller brev.

Oppseiingstid

Oppseiingstida varierer frå barnehage til barnehage.

  • Hos dei kommunale barnehagane er oppseiingstida éin månad frå dagen oppseiinga er mottatt i barnehagen.
  • Hos dei private barnehagane kan det variere. Fristen er definert i den einskilde barnehagen sine vedtekter.

Oppseiinga blir behandla og du får beskjed om siste dag for bruk og betaling for plassen, avhengig av oppseiingstida.