Behandlingsansvar
Kinn kommune v/kommunedirektøren er behandlingsansvarleg for all behandling av personopplysningar der vi sjølve bestemmer formålet med behandlinga og kva verkemiddel vi bruker.
I denne personvernerklæringa kan du lese meir om kva behandlingar kommunen er ansvarleg for.
Dersom du har spørsmål om personvernerklæringa eller vurderingane vi har gjort, kan du kontakte oss på post@kinn.kommune.no.
Kontakt personvernombodet vårt
Kommunen har utnemnt eit eige personvernombod som du kan kontakte dersom du har spørsmål om korleis kommunen behandlar personopplysningar om deg, eller dersom du treng hjelp til å utøve rettane dine overfor kommunen. Personvernombodet har teieplikt.
Personvernombodet i Kinn kommune er Carl-Richard Nyborg-Christensen.
Vi behandlar personopplysningane dine
Dei fleste tenestene kommunen leverer, er lovpålagde oppgåver som gir oss høve til å behandle opplysningar som er nødvendige for å utøve offentleg mynde eller oppfylle ei rettsleg plikt. I nokre tilfelle inngår kommunen ein avtale med deg som innbyggjar, der vi har behov for å behandle opplysningane dine for å kunne oppfylle avtalen. Dersom kommunen ønskjer å behandle informasjon om deg utan at vi har heimel i lov, ber vi om samtykke frå deg. Samtykket ditt er frivillig og kan når som helst trekkjast tilbake.
Kva opplysningar vi behandlar om deg, avheng av kva tenester du bruker. Det kan til dømes vere når du besøkjer nettsidene våre, fyller ut eit skjema eller sender oss ein førespurnad eller ei klage. Nokre opplysningar hentar vi direkte frå deg, andre frå offentlege register som Folkeregisteret, NAV eller Kontaktregisteret. Dersom vi hentar opplysningar frå andre, gjer vi dette med samtykke frå deg eller med grunnlag i lov eller forskrift.
Vi sikrar personopplysningane dine
Kommunen har plikt til å behandle personopplysningane dine på ein trygg måte. Vi gjer dette mellom anna gjennom tilgangsstyring, kryptering og opplæring av tilsette.
Når eksterne leverandørar behandlar personopplysningar på vegner av kommunen, inngår vi ein databehandlaravtale med dei. Avtalen stiller krav til korleis opplysningane skal behandlast og sikrast.
Kommunen har som mål at personopplysningar berre skal behandlast og lagrast innanfor EU/EØS. Dersom personopplysningar blir overførte til land utanfor EU/EØS, må det vere eit gyldig rettsleg grunnlag for overføringa.
Vi lagrar opplysningane dine så lenge det er nødvendig
Kommunen lagrar personopplysningane dine så lenge det er nødvendig for formålet dei blei samla inn for. I nokre tilfelle må vi lagre opplysningar fordi lova krev det.
Eit døme er arkivlova, som stiller krav til korleis kommunen skal ta vare på dokument i arkivet. Det betyr at enkelte saksdokument skal bevarast over lang tid eller for alltid.
Dersom vi behandlar opplysningane dine på grunnlag av samtykke, slettar vi dei når du trekkjer tilbake samtykket, eller når vi ikkje lenger treng opplysningane til formålet du samtykte til.
Rettane dine
I nokre tilfelle er du pålagd å gi personopplysningar til kommunen. I andre tilfelle er det frivillig.
Innsyn i eigne opplysningar
Du kan be om ein kopi av alle personopplysningane vi behandlar om deg.
Les meir om retten til innsyn.
Retting av personopplysningar
Du kan be oss rette eller supplere opplysningar som er feil eller misvisande.
Les meir om retten til å rette eller supplere opplysningar.
Sletting av personopplysningar
I enkelte situasjonar kan du be oss slette opplysningar om deg.
Les meir om retten til sletting.
Avgrensing av behandling av personopplysningar
I enkelte situasjonar kan du be oss avgrense korleis vi behandlar opplysningar om deg.
Les mer om retten til avgrensing.
Protestere mot behandling av personopplysningar
Du kan protestere mot at kommunen behandlar opplysningar om deg. Denne retten gjeld ikkje dersom vi behandlar opplysningane for å oppfylle ein avtale du har med oss, eller fordi kommunen er pålagd ved lov å behandle dei.
Les meir om retten til å protestere.
Dataportabilitet
Dersom vi behandlar opplysningar om deg på grunnlag av samtykke eller ein kontrakt, kan du be oss overføre opplysningane til deg eller til ein annan behandlingsansvarleg.
Les meir om retten til dataportabilitet.
Du kan klage på behandlinga vår av personopplysningar
Vi håpar du seier frå til oss dersom du meiner at vi ikkje følgjer reglane i personopplysningslova. Du kan kontakte personvernombodet vårt for råd og rettleiing.
Du kan klage til Datatilsynet. Informasjon om korleis du går fram finn du på nettsidene til Datatilsynet.