Kva er informasjonskapslar?
Informasjonskapslar (cookies) er små tekstfiler som blir lagra på datamaskina di når du lastar ned ei nettside. Ingen personleg eller identifiserande informasjon blir lagra, og vi kan ikkje identifisere enkeltbrukarar. Nedanfor finn du ei oversikt over kva informasjonskapslar som blir brukte.
Lov om elektronisk kommunikasjon § 2-7 b regulerer bruk av informasjonskapslar (cookies). Når du går inn på nettsidene våre, samtykkjer du til at det blir lagra informasjonskapslar i nettlesaren din – så lenge innstillingane i nettlesaren er sette til å godta informasjonskapslar, og det finst informasjon om bruken av desse på nettsida.
Behandlingsgrunnlaget for dette er personvernforordninga artikkel 6 nr. 1 bokstav e. Behandlinga går ut på å utøve offentleg mynde som den behandlingsansvarlege er pålagd, jf. kommunelova § 4-1.
Tilpass sjølv
Dei fleste moderne nettlesarar er stilte inn til å godta informasjonskapslar automatisk, men du kan sjølv velje å endre innstillingane slik at informasjonskapslar ikkje blir godtekne. Les meir om korleis du gjer dette på hjelpesidene til nettlesaren eller på nettvett.no. Vi gjer merksam på at endringar kan føre til at dei digitale tenestene til kommunen ikkje fungerer optimalt.
Kontakt
Har du spørsmål om korleis vi bruker informasjonskapslar, kan du kontakte personvernombodet vårt.
Personvernombodet i Kinn kommune er Carl-Richard Nyborg-Christensen.
Oversikt over informasjonskapslar
Informasjonskapslar, også kjende som cookies, er små tekstfiler som blir lagra på datamaskina eller mobileininga di når du besøker ei nettside. Desse filene inneheld informasjon om korleis du bruker nettsida.
.ASPXANONYMOUS
Denne informasjonskapselen er utferda av Microsoft ASP.NET og inneheld ein unik ID som bidreg til å kjenne att når ein anonym brukar prøver å logge inn.
ASP.NET_SessionId
Blir brukt slik at nettstaden kan skilje brukarane frå kvarandre. Blir sletta automatisk når du lukkar nettlesaren.
Lang
Informasjon om språkinnstillingar.
__AntiXsrfToken
Vernar nettstaden mot visse typar angrep og gjer nettstaden sikrare.
ApplicationOptions
Informasjonskapselen blir brukt til å verne nettstaden mot angrep. Han inneheld informasjon som gjer at nødvendige skript og appar fungerer.
Google Translate
Kinn kommune bruker Google Translate for å gi innbyggarane høve til å omsette innhaldet på nettsida til andre språk. Når du bruker Google Translate på nettsida vår, vil Google samle inn informasjon om korleis du bruker tenesta. Dette kan mellom anna omfatte informasjon om kva språk du omset frå og til, og kor lenge du bruker tenesta.
Kinn kommune bruker Google Translate på nettsida www.kinn.kommune.no.