Valstyret i Kinn kommune vedtok den 09. mai 2019, i sak 010/19, vallister til kommunestyrevalet 2019.

Dei godkjende vallistene vert no lagt ut til offentleg gjennomsyn.

Klage

Klage med krav om endring av valstyret sitt vedtak om å godkjenne eller forkaste eit listeforslag må setjast fram innan sju dagar etter denne offentleggjeringa. Dersom klaga er begrunna i at eineretten til eit partinamn er krenka, har også eit politisk parti klagerett.

Klage sendast til Kinn kommune v/ Vågsøy kommune, post@vagsoy.kommune.no eller per post til Kinn kommune v/ Vågsøy kommune, Postboks 294, 6701 Måløy.

Frist: 23. mai.

Lovverk

  • Valgoven § 6-7 og § 6-8