Kinn kommune skal bli den sentrale utviklingsaktøren på kysten mellom Ålesund og Bergen. Difor må vi utarbeide planar for korleis oppnå denne visjonen. Den overordna planen som skal legge grunnlaget for å bli eit kraftsenter er «Kommuneplanen sin samfunnsdel».

Fellesnemnda har no vedteke at planprogrammet for arbeidet blir lagt ut på høyring. Planprogrammet seier noko om kva tema vi bør ta tak i, kva som skal ivaretakast i kommuneplanen, kven som bør delta i arbeidet, eller kva for overordna grunnlag som skal vere førande for arbeidet.

Kva er di meining?

Vi har veldig lyst til å høyre di meining om kva som bør ivaretakast i planprogrammet! Det er opp til deg kva du vil spille inn til oss.

I løpet av våren 2019 vil du også få moglegheita til å seie di meining. Då vil planen ha fått eit foreløpig innhald, og det blir lettare for deg å vere konkret i merknadane dine.

Du kan seie di meining ved å

  • skrive ein e-post til post@vagsoy.kommune.no.
  • nytte vårt elektroniske skjema nedst i artikkelen.
  • sende oss eit brev til Nye Kinn kommune, adresse Gate 1, 120, 6700 Måløy.

Spørsmål og frist for innsending

Frist for merknad er 25. oktober 2018.

For spørsmål kan du kontakte prosjektkoordinator Rolf Bjarne Sund på e-post rolf.bjarne.sund@flora.kommune.no, eller på telefon 91710500.

Kva er ein kommuneplan?

Ein kommuneplan er styrande for all planlegging i Noregs kommunar. Kommuneplanen legg grunnlaget for alle andre planar som skal utarbeidast. Dette gjeld både temaplanar og økonomiske handlingsplanar.

Føremålet med ein kommuneplan er å skape langsiktigheit og føreseielegheit i politikk og arealbruk for kommunen sine innbyggarar.

Planprogrammet skal legge grunnlaget for korleis vi jobbar med kommuneplanen sin samfunnsdel.