Det var stort oppmøte av tilsette i Flora kommune ved informasjonsmøte måndag den 22. januar. Om lag 250 tilsette deltok på Flora samfunnshus for å få informasjon om Kinn kommune.

Informasjonsmøte for tilsette.jpg

 


Vi ønskjer deg som tilsett velkomen til informasjonsmøte om Kinn kommune måndag den 22. januar på Flora samfunnshus i festsalen. Møtet varar rundt ein time, og du kan velje mellom to tidspunkt.
  • Kl. 13:00
  • Kl. 14:30
Det er omfattande endringar som er i vente, difor legg vi stor vekt på at du skal få god informasjon til ein kvar tid om prosessen i arbeidet med Kinn kommune. Intensjonsavtalen for samanslåinga seier mellom anna at du vil få tilbod om stilling i den nye kommunen i tilsvarande storleik og tidsperiode som du har i dag. 
 
Informasjonen vil bli gjeve av prosjektrådmann Terje Heggheim
 
Vi håpar difor du kan sette av ein time til oss, slik at vi kan halde deg oppdatert på kva som skjer i arbeidet med å få Kinn kommune opp og gå.
 
Velkommen!