Kinn kommune

Ny samfunnsplan for Kinn kommune

Den viktigaste planen vi har er kommuneplanen, som er delt inn i to. Ein del er retta mot korleis vi skal utnytte arealet i kommunen, og ein annan er korleis vi skal utvikle oss som samfunn og organisasjon.

For å gjere dette på ein fornuftig måte må vi sjå på ulike data og finne trendar for korleis Kinn-samfunnet har utvikla seg dei siste åra. Det kan seie noko om korleis samfunnet ser ut i framtida, og kva vi må planlegge etter.

Sjå portalen for samfunnsplanen her

Aktuelt frå kommunen

  • 24.04.2024

    Vi møtte med dei nye operatørane på nye båtruter førre fredag

    Førre fredag møtte Kinn kommune ved ordførar, administrasjon og kommunedirektør med Norled, Florø Skyssbåt og Skyss for å diskutere dei nye båtrutene i Florabassenget. På agendaen for møtet var mellom anna informasjon om dei nye kontraktane og svar på spørsmål frå grendelag og kommuneadministrasjonen.
  • 19.04.2024

    Forbod mot bålbrenning 15. april - 15. september

    I tidsrommet 15. april – 15. september er det eit generelt forbod mot å gjere opp eld i eller i nærleiken av skog og utmark utan særskild tillatelse.
  • 18.04.2024

    Skyss endrar båtruter frå 1. mai

    Frå 1. mai er det endringar i båtrutene i Nordfjord og Florabassenget. Norled overtar fleire ruter som tidlegare var handtert av Fjord1.